Søknadsfrist: Snarest

Hotellsjef

Fjordslottet Hotell

Om arbeidsgiveren

Fjordslottet Hotell ligg på Fotlandsvåg på Osterøy, Nord-Europas største innlandsøy, berre 45 minutt frå Bergen. Hotellet har ei rik historie, opphavleg bygd som herskapshus i 1851 av bergenskjøpmannen Carl Joacim Hambro . Etter restaurering i 1997 vart det opna som hotell og tilbyr i dag 40 rom og selskapslokaler.

Hotellet er omgjeve av vakre fjord- og fjellandskap, og tilbyr ei heimkoseleg atmosfære med historiske salongar, heimelaga mat og lokal drikke . Fjordslottet er òg eit ideelt val for selskap, bryllaup, kurs og konferansar, med fleksible møtefasilitetar og variert aktivitetstilbod .

Skap minneverdige opplevelser som hotellsjef på Fjordslottet

Er du vår nye hotellsjef på Fjordslottet Hotell?

Draumar du om å væra med og drive eit hotell med sjel og historie, midt i eit vakkert fjordlandskap?
Fjordslottet Hotell søkjer ein engasjert og erfaren hotellsjef som vil vere med på å vidareutvikle hotellet og skape minneverdige opplevingar for gjestane våre.

Som hotellsjef får du ansvar for den daglege drifta, personalleiing og strategisk utvikling. Du blir ein nøkkelperson i eit dedikert team som brenn for gjestfrihet og god service.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie den daglege drifta av hotellet

  • Personalansvar og teamutvikling

  • Følje opp rutiner og kvalitetsarbeidet

  • Budsjett- og resultatansvar

  • Følje opp og nå nøkkeltall (KPI) for ei effektiv drift

  • Sikre høg kvalitet på service og gjesteoppleving

  • Planlegging og gjennomføring av sal og marknadsføring

  • Vidareutvikle hotellet sitt konsept og tilbod

  • Samarbeide tett med daglig leder og kjøkkensjef

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Erfaring frå hotell- og reiselivsbransjen, gjerne i leiarstilling

  • Gode leiareigenskapar og evne til å motivere andre

  • Økonomisk forståing og erfaring med budsjettansvar

  • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert

  • God serviceinnstilling og evne til å skape gode gjesteopplevingar

  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk

Vi tilbyr:

  • Ei leiarstilling i eit unikt og sjarmerande hotell

  • Moglegheita til å forme utviklinga vidare

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Vakker arbeidsstad midt i fjordriket på Vestlandet

Kontaktinformasjon

Kontaktperson: Per Erik Myking
Stillingstittel:
Telefon: 91 36 55 22

Stillingsinformasjon:

Stillingsform: Fast
Søknadsfrist: Snarest
Arbeidssted: Osterøyvegen 2715, 5283 Fotlandsvåg

Powered by Labrador CMS